Hafslovatnet

7056538.jpg

Midt i bygda ligg Hafslovatnet, som er eit godt fiskevatn, der ein kan drive sportsfiske etter aure med oter, dorg og stong. Fiskekort kan kjøpast på hotellet, og fiskesesongen er frå 1. januar til 30. september. Bruk av båt med motor inntil 8 HK er lov, med unnatak av området Straumavatnet, mellom Straumbrua og Sogebrua. Hafslo Fiskefestival blir arrangert i slutten av august kvart år.