Veitastrond

-5.jpg

Veitastrond er ei flat og veldriven jordbruksbygd i Luster kommune. Bygda er omkransa av mektige fjell og fjelltoppar, og Jostedalsbreen Nasjonalpark er næraste nabo. Turen til Veitastrond er i seg sjølv ei oppleving du seint vil gløyme. Frå hotellet er det ca 30 km til enden av dalen. Den roen du finn når du er framkomen har vore ei reise verdt blant turistar i fleire tiår.

På Veitastrond finn ein også Austerdalsbreen, ein brearm av Jostedalsbreen. Austerdalsbreen er ein dalbre med 3 store og bratte brefall frå platået til Jostedalsbreen: Odinsbreen, Torsbreen og Lokebreen.

Fotturen til Austerdalsbreen er ein middels hard tur, som passar for vaksne og born. Ein brukar omlag 6 timar på turen, fram og tilbake, og utgangspunktet for turen er Tungestølen, fremst på Veitastrond. 

Les meir om Veitastrond her