Telefon 576 80 600 | Faks 576 80 601 | post@eikum.no



Om Bygda Hafslo

Hafslo er ei lita bygd med 1200 innbyggarar. Sentrum ligg to kilometer frå riksveg 55. I Hafslo har me to barnehagar, barneskule, ungdomskule og vidaregåande skule som alle ligg i sentrum.

Hafslo kan by på ei rikt omfang av aktivitetar og opplevingar:

Midt i bygda ligg Hafslovatnet som er rikt på aure. Fiskekort kan kjøpast på hotellet. I midten av august blir Fiskefestivalen i Hafslo arrangert.
På Heggmyrane ligg Sogn Skisenter, som har nesten to kilometer langt trekk, med tre unnarenn alt etter vansklegheitsgrad. Senteret har også Langrennsløyper på til saman 20 kilometer, og merka i fjellet. Servicebygg med kafé og stor parkeringsplass er lett tilgjengeleg.
I Moane finn me Hafslo Stadion, med ei grasbane og ei grusbane. Ved stadion ligg også treningsfeltet til Sogndal Fotball med tilsaman seks heile fotballbaner. Her blir også Sognefjord Cup arrangert kvart år. Arrangementet går av stabelen i sluttet av juni, og over 300 lag deltek kvart år.
Ved gamlevegen mellom Hafslo og Sogndal finn du flotte Helvetesfossen og det vidgjete Futespranget. Å gå langs den gamle vegen er ein flott tur der du også kan få med deg Olavskjelda og tuftene etter den gamle bygdeborga. Alle stadene er merka med skilt som også fortel historia til staden.

På Hafslo finn du også:

  • Golfbane er på planleggingstadiet, og i dag er ein drivingrange alt klart til bruk
  • Fuglefredingsområdet ved Straumane
  • Jettegryta ved Straumane, omlag 3 meter i diameter.
  • Modvo - Tuftene etter ein jarnaldergard frå 300 år f.kr.
Sognefjord