Familieeigd i 4 generasjonar

Oldemor og oldefar, Brita & Per Eikum, var pionerar i sit fag, starta i det små, og fekk turismen inn på Eikums Hotel, som det heitte den gongen. Dei starta opp hotellet i 1919, og dei aller første turistane på hotellet var engelskmenn, og dei største attraksjonane var den gongen som no Jostedalsbreen og Sognefjorden.

Bestemor og bestefar- Ella & Sigmund Kjos -Wenjum, vidareførte arven etter foreldra til Ella. Sigmund var drosjeeigar og hestekar, medan Ella var hotellvertinne. Namnet vart endra til Eikum Gjestgiveri, pga hotellova.

Mor og far -Aud & Birger Kjos-Wenjum, flytta heim til Hafslo att etter endt utdanning i 1967, og overtok Eikum Gjestgiveri i 1977, og endra no namnet til Eikum Hotell igjen, på grunn av at Birger hadde fagbrev, og fekk då løyve til å ha "Hotell" i namnet til hotellet. Birger jobba på Smestad Hotell i Oslo, og gjekk deretter på Norsk Hotellfagskule i Stavanger. Aud var oldfrue på Hotel Continental i Oslo, og seinare på KNA-hotellet i Stavanger.

Ståle-dagens eigar- har brei og variert bakgrunn innan hotellbransjen. Han har i alle feriar jobba på Eikum Hotell, og etter handelskulen gjekk han 1 år på kokkelinja på Luster Vidaregåande Skule, før han vart lærling på SAS Scandinavia Hotel i Oslo. Her fekk han m.a. sølvvinnar frå Bocuse d'or i 1991, Lars Erik Underthun, som sjef. Ståle fekk her fagbrev som kokk. Deretter skaffa han seg erfaring i Tyskland, der han jobba som kokk på Radisson SAS Plaza Hotel i Hamburg. Etter eit år i Tyskland, starta han på Norsk Hotellhøgskule i Stavanger, på linja "Hotelladministrasjon". I tillegg til studiene jobba han på Radisson SAS- hotellet i Stavanger og Jans Mat- og Vinhus. I sommarferien frå Norsk Hotellhøgskule, var han Dagleg Leiar ved Hafslo Gjestehus i 2 somrar. Etter opphaldet i Stavanger var han tilsett som kokk på Trescher Schwatzwald Hotel i Titisee, i Tyskland, før han starta som resepsjonist på Storefjell Høgfjellshotell på Golsfjellet. Ståle jobba også ekstra i restauranten på Pers Hotel på Gol, medan han var tilsett på Storefjell Høgfjellshotell. Ståle byrja i fulltidsjobb på Eikum Hotell i 1998, og overtok drifta av hotellet i 2000.

Hotellvogn og drosje

Sigmund Kjos-Wenjum, bestefar til Ståle, dagens eigar, i kjent positur i hagen på Eikum Hotell ca 1966/67. Bilar og hestar var ein viktig del av livet til bestefar, og tidlegare var det stall, løe og garasje i ein og same bygning, der som spisesalen står no.

Den grøne bilen på biletet var drosjen hans og den raude bilen var hotellvogna. Begge bilane vart brukt til å køyra turistar i, i tillegg til endå ein drosje frå ein av dei andre drosjeeigarane frå bygda, anten Johannes Fredheim eller Olav Hillestad. Turane med turistar gjekk til Jostedalen, Sognefjellet, Tungestølen, De Heibergske samlinger på Kaupanger, Urnes Stavkyrkje og "Råadn".

Bestefar Sigmund og far Birger køyrde turistar kvar dag i heile sommersesongen, til alle attraksjonane i regionen. Av og til gjekk turen også til "Feivall" på Mollandsmarki, der Mons "Feivall" følgde gruppa ned til utsiktspunktet, medan han fortalde lokale historiar. Dei nederlandske og tyske turistane vart stumme av redsel og beundring.

Me ser utifrå biletet at det er før 1. mai, dette på grunn av at hua til bestefar er grå. Han skifte alltid til kvitt trekk på sjåførhua 1. mai kvart år. Slik skulle det vera gjennom heile sommaren.
 

Bygningane

Bygningane

I 1919 kjøpte Brita og Per Eikum eit eldre hus frå nabogarden Tang, og starta gjestestove, med namnet Eikums Hotel.

I 1927 skifta hotellet namn til Eikum Gjestgiveri.

I 1956 hadde hotellet 15 værelser. Dette året brenn hotellet ned til grunnen, og det einaste som vart berga ut frå brannen var kassaapparatet som stod i kafeen. Brannen tok også med seg fire andre hus i sentrum, deriblant kommunehuset.

Hotellet åpnar igjen allereie eit år etter brannen, i 1957, med 19 rom og 35 senger.

På 70-tallet vart hotellet utvida med ny fløy og dei gamle romma blir renovert, slik at alle romma fekk dusj og toalett.

I 1980 vart den nye spisesalen bygd, med plass til omlag 200 personar. Seinare har hotellet blitt utvida ytterlegare og dei gamle romma har kontinuerleg vorte oppussa.