Hotellvogn og drosje

Sigmund Kjos-Wenjum, bestefar til Ståle, dagens eigar, i kjent positur i hagen på Eikum Hotell ca 1966/67. Bilar og hestar var ein viktig del av livet til bestefar, og tidlegare var det stall, løe og garasje i ein og same bygning, der som spisesalen står no.

Den grøne bilen på biletet var drosjen hans og den raude bilen var hotellvogna. Begge bilane vart brukt til å køyra turistar i, i tillegg til endå ein drosje frå ein av dei andre drosjeeigarane frå bygda, anten Johannes Fredheim eller Olav Hillestad. Turane med turistar gjekk til Jostedalen, Sognefjellet, Tungestølen, De Heibergske samlinger på Kaupanger, Urnes Stavkyrkje og "Råadn".

Bestefar Sigmund og far Birger køyrde turistar kvar dag i heile sommersesongen, til alle attraksjonane i regionen. Av og til gjekk turen også til "Feivall" på Mollandsmarki, der Mons "Feivall" følgde gruppa ned til utsiktspunktet, medan han fortalde lokale historiar. Dei nederlandske og tyske turistane vart stumme av redsel og beundring.

Me ser utifrå biletet at det er før 1. mai, dette på grunn av at hua til bestefar er grå. Han skifte alltid til kvitt trekk på sjåførhua 1. mai kvart år. Slik skulle det vera gjennom heile sommaren.