Telefon 576 80 600 | Faks 576 80 601 | post@eikum.no



Hotellet si historie

Eikum hotell vart starta opp av Brita og Per Eikum i 1919. Hotellet hadde då 2 senger, prisen på ein kaffikopp og to store kaker var 0,25 øre, ein middag kosta 0,50 øre.

Etter kvar som utanlandske gjester byrja å komme vart hotellet stadig utvida. I 1956 hadde hotellet fått 15 værelse. Dette året brenn hotellet ned til grunnen. Det einaste som vart redda var kafékassen. Brannen tok også med seg fire andre hus i sentrum, deriblant kommunehuset. Hotellet åpnar igjen året etter, med 19 rom og 35 senger.

På 70-tallet vart hotellet utvida med ny fløy og dei gamle romma blir utvida med dusj og toalett. I 1980 vart den nye spisesalen bygd, med plass til omlag 150 personar. Seinare har hotellet blitt utvida yttlegare og dei gamle romma er renoverte.


Sognefjord