Om hotellet

Langt inne i Europa sin lengste og flottaste fjord, Sognefjorden, finn du Eikum Hotell, sentralt plassert ved idylliske Hafslovatnet. Eikum Hotell og Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for mektige naturopplevingar, med Jostedalsbreen og Sognefjorden som næraste naboar.  Hotellet har, heilt sidan starten i 1919, alltid lagt vekt på god mat, personleg service og heimleg atmosfære. Eikum har vore i same familie i snart 100 år, og spesialiteten til hotellet er no, som ved oppstarten, den berømte Himmelpuddingen-godt kjend over heile verda.

Eigarane av hotellet køyrde i 80 år turistar med eiga hotellvogn til attraksjonane i regionen, og framleis den dag i dag er den personlege servicen varemerket til hotellet. Her vil du som gjest oppleva eit roleg og avslappende miljø.

Eikum Hotell har eigen, stor hage, i tillegg til privat badestrond, "Smeagarn",
ca 1 kilometer frå hotellet. Det er gode fiskemuligheiter i Hafslovatnet, og hotellet tilbyr utlån av båt til buande gjester.  
 

Om vinteren kan ein køyra på ski heilt inn til trappa på Eikum Hotell, viss ein startar frå Sogn Skisenter på Heggmyrane. Sjå www.sognskisenter.no for meir informasjon.

Hjå oss kan ein bestilla individuell overnatting, familieselskap, bryllaup, gravferder, jubileum, bedriftssamlingar, osv. 

Overnatting:

Eikum Hotell har 55 rom, alle med nødvendige fasilitetar, som t.d. Gratis Wifi og TV.
Bestill gjerne på førehand, anten direkte til oss eller via booking.com. Romma våre er små og koselege, og alle har eit personleg preg over seg.