Hafslo

Hafslo er ei lita, flott bygd i Luster kommune, omlag ti minuttar frå Sogndal, med ca 1200 innbyggjarar, og har i alle år vorte kalla Perla blant innlandsbygdene i Sogn. Bygda har også vorte kalla Fylkesbygda.

Hafslo sentrum ligg to kilometer frå riksveg 55 - vegen innover mot Sognefjellet -  og her finn du Eikum Hotell.

Eikum Hotell er plassert i eit eldorado av spektakulære aktivitetar og attraksjonar, og er eit glimrande utgangspunkt for mange utflukter, Jostedalsbreen, Sognefjellet, Urnes Stavkyrkje og Sognefjorden er alle i umiddelbar nærleik.

Hafslo er eit perfekt utgangspunkt for fotturar, her er mange små og større turar tilrettelagt for vandring rett utanfor hotellet.

Om vinteren er Hafslo eit skieldorado, med Sogn Skisenter 2 km frå hotellet. Her kan ein køyra på ski frå skisenteret og heilt fram til hotelldøra.

I 2016 vart drikkevatnet på Hafslo kåra til det beste drikkevatnet i landet.


Servering

Eikum Hotell har vore kjend for god heimelaga mat i snart 100 år, og spesialiteten til hotellet har i alle desse åra vore vår berømte dessert-Himmelpuddingen!

Brita, oldemor til Ståle, dagens eigar, starta tradisjonen med god, heimelaga mat allereie i 1919, og tradisjonen har vorte halde i hevd heilt fram til dagens dato, snart 100 år etterpå. Ella, bestemor til Ståle, og Aud, mor til Ståle, vidareførte dei gode mat-tradisjonane etter Brita, og den gode lukta av heimelaga kjøtkaker har spreidd seg gjennom heile hotellet, år etter år, gjennom 4 generasjonar. Tradisjonsrik mat som svinestek og kjøtkaker, oksesteik, brun saus, heimelaga bløtkaker og Dronning Maud dessert, i tillegg til den før nemnde spesialiteten vår, Himmelpuddingen, har vore varemerket til Eikum heilt tilbake til den spede starten i 1919.

Spisesalen vår har kapasitet til 240 gjester, og me arrangerer både små og store selskap. Dagens vertskap har meir enn 40 års erfaring med å arrangera selskap.

Eige lokale er muleg, og ein kan også leiga Brita-Stova for mindre selskap.

Me serverer kvar kveld heile sommaren ein tre retters-meny frå kl. 19.00, basert på sesongens lokale råvarer. Våre damer på kjøkenet er fleksible, og imøteser andre ønskjer enn dagens meny med stor velvilligheit.

Eikum er ein flott stad å halde familieselskap på. Her kan ein lene seg tilbake og berre nyte at vertskapet, med sin solide erfaring og over 40 år med arrangement bak seg, gjer jobben på ein utmerka måte. Vår selskapsmeny er variert, men har du likevel andre ønskjer enn det som står i menyen, vil me gjera vårt beste for å oppfylle dei.


Møter & kurs

Eikum er ein roleg og diskret stad for møter, kurs og konferansar. Me har eigen hage, der ein kan skaffa seg energi og henta seg innatt i pausane, langt vekk frå stress og mas.

Me tilrettelegg for aktivitetar i nærområdet, anten det er på vår private badestrand 600 meter frå hotellet, bretur på Jostedalsbreen, båttur på Sognefjorden, fotturar med eller utan guide, eller andre aktivitetar etter avtale.

Om vinteren er me behjelpelege med organisert skitur med og utan guide. Med utgangspunkt frå Sogn Skisenter på Heggmyrane, kan ein køyra på ski nedatt frå skibakken, og skli heilt fram til trappa på Eikum. Deretter kan ein samla folket for ein after-ski i hagen til hotellet.

Møtesalane våre har kapasitet til 60 og 100 personar, og me tilbyr standard teknisk utstyr som ein del av møteromsleiga. 


Selskap

Me kan arrangera både små og store selskap. Frå 5 til 240 personar. Me har meir enn 40 års erfaring med å arrangera selskap.

Eige selskapslokale - god heimelaga mat - konkurransedyktige prisar.
Utlevering av koldtbord.

Hjarteleg velkommen.