Servering

Eikum Hotell har vore kjend for god heimelaga mat i snart 100 år, og spesialiteten til hotellet har i alle desse åra vore vår berømte dessert-Himmelpuddingen!

Brita, oldemor til Ståle, dagens eigar, starta tradisjonen med god, heimelaga mat allereie i 1919, og tradisjonen har vorte halde i hevd heilt fram til dagens dato, snart 100 år etterpå. Ella, bestemor til Ståle, og Aud, mor til Ståle, vidareførte dei gode mat-tradisjonane etter Brita, og den gode lukta av heimelaga kjøtkaker har spreidd seg gjennom heile hotellet, år etter år, gjennom 4 generasjonar. Tradisjonsrik mat som svinestek og kjøtkaker, oksesteik, brun saus, heimelaga bløtkaker og Dronning Maud dessert, i tillegg til den før nemnde spesialiteten vår, Himmelpuddingen, har vore varemerket til Eikum heilt tilbake til den spede starten i 1919.

Spisesalen vår har kapasitet til 240 gjester, og me arrangerer både små og store selskap. Dagens vertskap har meir enn 40 års erfaring med å arrangera selskap.

Eige lokale er muleg, og ein kan også leiga Brita-Stova for mindre selskap.

Me serverer kvar kveld heile sommaren ein tre retters-meny frå kl. 19.00, basert på sesongens lokale råvarer. Våre damer på kjøkenet er fleksible, og imøteser andre ønskjer enn dagens meny med stor velvilligheit.

Eikum er ein flott stad å halde familieselskap på. Her kan ein lene seg tilbake og berre nyte at vertskapet, med sin solide erfaring og over 40 år med arrangement bak seg, gjer jobben på ein utmerka måte. Vår selskapsmeny er variert, men har du likevel andre ønskjer enn det som står i menyen, vil me gjera vårt beste for å oppfylle dei.