Telefon 576 80 600 | Faks 576 80 601 | post@eikum.no



Utflukter frå Eikum Hotel

Eikum Hotel er eit glimrande utgangspunkt for mange utflukter:

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske kontinentet. Jostedalen Breførarlag arrangerer turar på brearmane Nigardsbreen og Fåbergstølsbreen. I Jostedalen ligg også Breheimsenteret. Senteret forsterkar naturopplevinga gjennom fokus på natur- og kulturhistorie, og du får mykje nyttig informasjon om turar på Jostedalsbreen.
Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke. Der er kyrkja i det aller beste selskap - saman med pyramidane i Egypt og slottet i Versailles. Særleg betydeleg er nordportalen. Urnes kan ein nå med ferje eller taxi-båt frå Solvorn.
Veitastrond er bygda som tidlegare var kjend i nyheitene kvar gong vegen var stengd vinterstid. I dag er kanskje bygda mest kjend for all merksemda rundt Kalda-Kari-prosjektet. Vil du sjå Kalda-Kari der ho lyfter seg over bygda, eller fantastiske Austerdalsbreen, ein enkel fottur inn frå Tungestølen er du hjarteleg velkomen.
Det høgste punktet langs Sognefjellsvegen ligg på 1434 meter over havet. Så høgt kjem du ikkje på nokon annan høgfjellsovergang i Nord-Europa. Rv 55 mellom Lom i Gudbrandsdalen og Luster er nasjonal turistveg og det er lagt stor vekt på god tilrettelegging for den reisande i den veldige naturen.
De Heibergske Samlinger ligg i storslagne omgjevnader mellom Sogndal og Kaupanger. Museet er eitt av dei mest særprega i landet, med aktivitetar for heile familien. I tilegg til samlingane har museet aktivitetsløyper for store og små, og om sommaren vert det drive gardsbrukt med gamle husdyrrasar i tradisjonelt kulturlandskap.
Med eit fritt fall på 218 meter er Feigumfossen eit av dei høgste fossefalla i Skandinavia. Ein særleg fin utsikt over fossen på sørsida av Lusterfjorden har du frå sightseeingbåten som køyrer rundturer på fjorden. Fotturen opp til fossen er ein attraksjon i seg sjølv.
Dale Kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet, med gotisk arkitektur og veggmåleri frå 1400-talet.Kyrkja er open heile dagen frå 1. juni til 31. august.


Sognefjord