HERLEGE HAUSTEN…🍁🍂

Denne herlege årstida som me kallar haust, byr på nydelege fargar, friske temperaturar, lun innestemning og av og til skikkeleg dårleg haustver…

Hausten er ein overgang frå sommar til vinter, og me har framleis mange turistar og andre gjester medan me ventar på juleborda…😊🌸🍁🍂

Hausten er ei særdeles fin tid, og naturen blomstrar med sine fantastiske fargar. Turistane skryt av den fine naturen. den haustlege hagen vår og den lune og koselege stemninga innandørs.

Me planlegg den kalde fine tida i desse dagar, og me arrangerer lutefisk-kveld og julebord også i år.

I haust og i heile november og desember tilbyr me små og store selskap, i Britastova og i spisesalen. Gje oss ein lyd på kva som er ønskjeleg på menyen, og me tilrettelegg frå selskapsmenyen vår, og etter kvart også frå julemenyen.

Flott haustbilete frå Kvam mellom Hafslo og Sogndal idag.

Neste
Neste

SOMMAREN ER HER…