HAUSTEN ER HER…
.. og framleis har me mange turistar på besøk… Folk frå heile verda valfartar til Hafslo og Eikum, og seinast igår kom ei gruppe frå Korea på besøk…😊
Haustkveld i hagen
Dei var storveges fornøgde med den flotte, norske naturen, og gav også svært gode tilbakemeldingar på tradisjonsmaten dei fekk servert hjå oss😊
No framover kjem det framleis fleire turistar, i kombinasjon med selskap av ymse slag. Me tek imot små og store selskap, både i Britastova og i spisesalen😊
Dekka til selskap i spisesalen
Frå midten av november tilbyr me god, tradisjonsrik julemiddag på bestilling, og fredag 14. november arrangerer me Lutefisk-kveld, med påmeldingsfrist fredag 7. november.
Lutefisk-kveld med aldersgrense 20 år.
Laurdag 29. november tilbyr me julebord med varm julebuffet og EiT freistande dessertbord, og Bjarne Lunde spelar god dansemusikk etterpå.
Oversikt julearrangement 2025.
Laurdag 13. desember arrangerer me julebord med koldtbord, varm julebuffet og EiT spennande dessertbord. Denne kvelden spelar Tore Leiren opp til dans.
Glimt frå varmtbordet vårt.
Me ønskjer hjarteleg velkomen til god hauststemning på Eikum, og etter kvart til god førjulstid også!