Julebordsesongen er i gang…

Når lukta av nysteikt ribbe og dampa pinnekjøt sprer seg over heile huset, og nissane trer fram frå kvar èin krok, då veit èin at julebordsesongen er i full gang på Eikum.

I over 40 år har me arrangert julebord her på huset, og tradisjonane er den same i dag som den gongen på 1980-talet. Svoren på ribba er sprø, kålrotstappa er kjempegod, og den brune sausen vår er like nydeleg som alltid!

Eikum er alltid julepynta i førjulssesongen, og heile huset osar av god julestemning, både inne og ute.

Stemninga er like god i spisesalen som i Britastova, og me tek imot både små og store selskap. Ring oss på tlf. 576 80 600 eller send oss èin e-post på post@eikum.no, dersom du ønskjer å feira noko hjå oss no i førjulstida, eller etter jul.

Hjarteleg velkommen til god julestemning på Eikum.

Neste
Neste

HAUSTEN ER HER…