VINTER PÅ EIKUM 2026
Framsida av hotellet, desember 2024.
Skibygda Hafslo kan by på mangt og mykje om vinteren, og det kan me på Eikum også…
Britastova, desember 2024.
Medan det kan vera surt og kaldt vinterver ute, er det alltid heitt og godt i våre lune salongar inne på hotellet.
Britastova, som er oppattkalla etter oldemor Brita til dagens eigar, Ståle, er ei svært koseleg stove, med bibliotek, tv og piano tilgjengeleg for våre gjester. Dette lokalet er også vårt mest populære selskapslokale til konfirmasjon, barnedåp o.l.
Dekka til selskap i spisesalen.
Spisesalen vår, som rommar 150 personar, er ein perfekt base for store selskap, samdans eller den tradisjonelle Fleskadansen, som Sogndal Trekkspelklubb arrangerer hjå oss kvar vinter. I år er Fleskadansen laurdag 31. januar kl. 19.30 - 00.30, og dansemusikken står trekkspelklubbane i Luster, Lærdal/Årdal og Sogndal for.
Ivrige spelemenn frå Lærdal/Årdal Trekkspelklubb.
Me har sjølvsagt også vår tradisjonelle feiring av morsdagen i år, og datoen er søndag 8. februar.
Me tilbyr som vanleg tradisjonsrik mat, på buffet med både kalde og varme rettar, samt dessertbord. Me byr sjølvsagt også på vår spennande barnebuffet, tradisjonar er til for å følgjast.
Me anbefalar å bestilla bord, sidan det i fjor var ganske så fullt….
Ring oss - 576 80 600 - eller send ein e-post til post@eikum.no, viss du vil sikra deg plass allereie no…
Vinter-helg ilag med Hafslo Bygdalag 6. - 7. mars.
Fredag 6. mars på kveldstid har bygdalaget planlagt eit arrangement med Peder Amandus Danielsen frå TV-serien “Team Pølsa”. Dette er i samband med Vinterdagen, som finn stad dagen etter, laurdag 7. mars. Då blir Hafslo sentrum og Sogn Skisenter på Heggmyrane fyllt opp med mange aktivitetar, liv og røre, og som vanleg blir det After Ski hjå oss etterpå.
Blide skijenter på After Ski.
Ja, dette var litt av planane våre for i vinter, men følg med på Facebook-sida vår, og hald deg oppdatert på detaljar der.
Hjarteleg velkomen innom oss i vinter, uansett korleis anledning du kjem for; om det er selskap, møte, kurs, konferanse, arrangement eller overnatting.