ETTERISOLERING OG SKIFTING AV VINDAUGE-GODT FOR MILJØET OG GODT FOR OSS…

Per Henrik Hjelmeseter er ikkje redd for høgder… me er imponerte…

Som mange nok har fått med seg, har me hatt mykje byggjeaktivitet i vinter. Årsaken til det er at me etterisolerer ca 70 % av hotellet, og hensikten med dette er å få ned straumforbruket, og belastninga på det offentlege energinettet. Me på Eikum Hotell har i alle år vore opptekne av gjenbruk og å ta vare på miljøet, så dette siste tiltaket er nok eit eksempel på at me er svært miljøbevisste.

Eugenijus og Remigijus som vanleg i full aktivitet, her på den nye verandaen vår.

Vidmantas sjekkar at alle vindauge er korrekt plasserte…

Som me har gjort i heile hotellet si 105- årige historie, så brukar me også denne gongen lokale entreprenørar. Hans Nes Bygg er som vanleg ansvarleg for byggjeaktiviteten, og har sidan november hatt 8 handverkarar i sving, i tillegg til elektrikarar, målar og to betongsagarar.

Alle vindauge på framsida av hotellet er skifta ut…

Dei har - og skal - skifta ut ca 55 vindauge, og dei nye vindauga er  3-lags med ein u-verdi på 0,8.

Dei har også lagt inn 20 cm tilleggsisolasjon på store deler av bygget, så no er me godt rusta til å tåla nok ein vinter med mange kuldegrader…  Inne blir det heitt og godt!

Virgit jobbar iherdig og nøyaktig for at resultatet skal bli perfekt…

Me har hatt ope gjennom heile byggjeperioden, og teke imot overnattingsgjester, julebordgjester, selskap, middagsgjester og gjester som har delteke på arrangement og møter.

Lars Magne og Jørgen stiller opp når fotografen masar om bilete…

Alt innvendig arbeid skal vera ferdig 1. april, medan hagen skal vera klar til 23. april.

Og – me kan ønskja hjarteleg velkomen til uteservering og After Ski på den splitter nye verandaen vår  2. mars!

Forrige
Forrige

PÅSKEMIDDAG I BRITASTOVA PALMELAURDAG

Neste
Neste

PÅSKEQUIZ PÅ EIKUM PALMELAURDAG