Rom

Eikum Hotell har 60 rom, alle med eige bad. Mange av romma har tilgang til trådlaust nett, og ein god del av romma er nyoppussa.

Romma våre er små og koselege, og alle har eit personleg preg over seg. Aud, 3. generasjon, har hekla sengeløparar til alle romma, og ingen av desse er like.

Me har nokre rom i huset ved sida av hotellet, som opphavleg er frå 1877. Elles har me enkeltrom, dobbeltrom og familierom.

Eit godt utgangspunkt

Eikum Hotell er eit godt utgangspunkt for både fotturar, skiturar og opplevingar. Kanskje du er glad i å fiske? Jostedalsbreen er heller ikkje langt unna.

Foto: VisitSognefjord