Servering & selskap

Eikum Hotell har vore kjend for god, heimelaga mat i over 100 år, og spesialiteten til hotellet har i alle desse åra vore vår berømte dessert – Himmelpuddingen!

Me kan arrangera både små og store selskap, frå 5 til 240 personar.

40 års erfaring med julebord, jubileum, selskap, gravferd osv. osv., gjer at du trygt kan leggja ditt neste arrangement hjå oss. Her kan du få eige selskapslokale, god heimelaga tradisjonsmat og fint pynta lokale.

Dersom du heller ønskjer å halda selskap heime hjå deg sjølv, kan du bestille utlevering av koldtbord hjå oss.

God, gamaldags tradisjonsmat

Brita, oldemor til Ståle, dagens eigar, starta tradisjonen med god, heimelaga mat allereie i 1919, og tradisjonen har vorte halde i hevd heilt fram til dagens dato, over 100 år etterpå.

Ella, bestemor til Ståle, og Aud, mor til Ståle, vidareførte dei gode mat-tradisjonane etter Brita, og den gode lukta av heimelaga kjøtkaker har spreidd seg gjennom heile hotellet, år etter år, gjennom 4 generasjonar.

Tradisjonsrik mat som svinesteik og kjøtkaker, oksesteik, brun saus, heimelaga bløtkaker og Dronning Maud dessert, i tillegg til den før nemnde spesialiteten vår, Himmelpuddingen, har vore varemerket til Eikum heilt tilbake til den spede starten i 1919.

Spisesalen vår har kapasitet til 240 gjester, og me arrangerer både små og store selskap. Dagens vertskap har meir enn 40 års erfaring med å arrangera selskap.