GODT NYTTÅR - OG VELKOMEN TIL HAFSLO

Me ønskjer gamle og nye gjester, samarbeidspartnerar, tilsette, familie og vener eit skikkeleg GODT NYTTÅR, og takkar for det gamle.

Eikum Hotell går inn i sitt 104. år, og me er stolte over historia vår, og svært fornøgde med at Brita og Per Eikum starta opp med hotelldrift på Hafslo i 1919.

Tusen takk til alle som har vore innom oss i året 2022, anten med selskap, jubileum, 17. mai, after-ski, julebord, førjulsquiz eller romjulspub. Eller berre for ein kaffikopp…. Me set stor pris på kvar og ein, og ønskjer alle hjarteleg velkomne også i 2023.

Skibygda Hafslo inviterer som vanleg til eit flott opphald også vinteren 2023, og me er så heldige å ha eit utruleg bra skitrekk i bygda, nemleg Sogn Skisenter på Heggmyrane. Her er kome ein del snø, så det er gode forhold på slalåm og langrenn. Skisenteret byr på gratis parkering og svært familievenlege tilhøve, og Eikum Hotell er berre ein liten køyretur på nokre kilometer vekke.

Me tilbyr ein varm og god atmosfære, familierom, personleg service og heimelaga mat.

Hjarteleg velkomen til ein flott skiweekend på Eikum!

Forrige
Forrige

MORSDAGSFEIRING PÅ EIKUM 12. FEBRUAR

Neste
Neste

JULEBORDSHELGAR MED GOD JULESTEMNING