HISTORIETIME MED HAFSLO IDRETTSLAG PÅ AGENDAEN

Då Hjallis kom til Hafslo rett etter OL i Oslo i 1952, der han tok 3 gullmedaljar.

Har DU lyst å bli med på ein eineståande historietime, kombinert med litt godt i glaset, gode diskusjonar, mimring og fantastiske historiar?

Då er du hjarteleg velkomen til å dela fredagskvelden med oss og cuphelt, journalist og lærar Jon Navarsete. Han har snekra saman mange godbitar frå Hafslo Idrettslag si historie, og formidlar villig vekk om store bragder, gule og raude kort, idrettsprestasjonar i fleng og kjendisbesøk på Hafslo i gamle dagar…😊

 
Set av fredagen 9. februar, og møt opp hjå oss med gode historiar frå langrennsløypa, slalåmbakken, Hafsloisen, hoppbakken eller fotballbana i Moane, og bli med på moroa😊

Hjarteleg velkomne til ein koseleg fredagskveld med mimring, gode minner og god prat!

Gratis inngang.

Forrige
Forrige

MORSDAG PÅ EIKUM SØNDAG 11. FEBRUAR

Neste
Neste

SNART TID FOR JULEBORD, JULESTEMNING OG JULESELSKAP…