Setålen frå Hafslo

Foto: Liv Byrkjeland

Turen til Setålen er ein middels tur, som passar både for vaksne og born.

Ein brukar omlag 1,5 time frå utgangspunktet Galden på Hafslo, til toppen. Flott utsikt over Lustrafjorden. 

Setålen og Øvrabøstølen er vårstølar for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. På Øvrabøstølen fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. På Setålen var det tidlegare fire sel. Kvart av hovudbruka hadde inngjerda slåtter med løer.

Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.

Les meir om turen på ut.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Opplev Hafslo