Veitastrond

Tungestølen turisthytte

Bygda er omkransa av mektige fjell og fjelltoppar, og Jostedalsbreen Nasjonalpark er næraste nabo.

Veitastrond er ei flat og veldriven jordbruksbygd i Luster kommune. Turen til Veitastrond er i seg sjølv ei oppleving du seint vil gløyme. Frå hotellet er det ca 30 km til enden av dalen. Den roen du finn når du er framkomen har vore ei reise verdt blant turistar i fleire tiår.

På Veitastrond finn ein også Austerdalsbreen, ein brearm av Jostedalsbreen. Austerdalsbreen er ein dalbre med 3 store og bratte brefall frå platået til Jostedalsbreen: Odinsbreen, Torsbreen og Lokebreen.

Fotturen til Austerdalsbreen er ein middels hard tur, som passar for vaksne og born. Ein brukar omlag 6 timar på turen, fram og tilbake, og utgangspunktet for turen er Tungestølen, fremst på Veitastrond. 

Her finn ein også Tungestølen turisthytte, som vart opna av HKH Dronning Sonja, 6. september 2019. Den opprinnelege turisthytta, som hadde stått i over 100 år, vart teken av orkanen Dagmar i 2011.

Les meir om Tungestølen på dnt.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Tur til Feigumfossen

Neste
Neste

Urnes stavkyrkje