HAUSTEN ER HER…

HAUSTEN PÅ HAFSLO OG EIKUM🍁🍂

 

Me tykkjer sommaren er ei svært fin tid, men når fargane endrar seg til haust, og me får nydelege haustdagar med eit friskt drag i lufta, så er Hafslo på sitt aller beste🍁🍂

 Haustferie eller berre hausthelgar - me har god, heimelaga mat og koselege stover, som det er fint å finna roen i etter ein aktiv dag, uansett om ein har vore til fjells eller funne på andre aktivitetar.

Dersom ein ønskjer seg ein fjelltur, er her mange mulegheiter, men me anbefalar spesielt Molden eller Nås;

Dette biletet frå Molden er teke av sjølvaste Moldenkongen, søndag 24.september 2023.

Med utsikt over Hafslo, på veg nedatt frå Nås søndag 24.september 2023. Fotograf: Kjersti Eikum Tang.



Hausten i fjellet kan vera svært fin, og byr på mange mulegheiter. Men dersom ein heller ønskjer å gå turar rundt i bygda Hafslo, så er det utallige val også her. Uansett om det er langs vatnet, oppe i bygda med utsikt over vatnet og sentrum, eller på rundtur i bygda.

Britastova

Kom gjerne innom oss i haust - me byr på heimelaga, tradisjonsrik middag, heimleg atmosfære og eit roleg miljø.
Me har koselege salongar, som resepsjonsområdet og Brita-stova, og i tillegg har me gratis parkering og stor hage.

Velkomen inn til oss 🛏 🍷

 

Forrige
Forrige

SNART TID FOR JULEBORD, JULESTEMNING OG JULESELSKAP…

Neste
Neste

ØVINGSKVELD MED EINAR BOLSTAD OG STARDALEN MANNSKOR FREDAG 20. OKTOBER KL.20.00