ØVINGSKVELD MED EINAR BOLSTAD OG STARDALEN MANNSKOR FREDAG 20. OKTOBER KL.20.00

GRATIS INNGANG- SAL AV FORFRISKNINGAR-

OPE FOR ALLE SOM LIKAR Å SJÅ OG HØYRA MENN SOM SYNG👍

På denne øvingskvelden får me høyra flotte stemmer som framfører songar frå tidlegare prosjekt, til dømes «Nynorskens  skog» og «Landet bakom blått». I tillegg får me smakebitar frå deira neste prosjekt, som blir presentert i fleire deler av fylket i februar😊Stikkord her er «Nostalgia» og 60-tals- musikk👍

 
For dei som enno ikkje har høyrt desse staute mannfolka frå Stardalen syngja, så anbefalar me verkeleg å ta turen på Eikum denne kvelden👍 Og når i tillegg Einar Bolstad skal syngja ilag med dei, så tenkjer me at dette kan berre bli ein fantastisk fredagskveld i «besta bøgdi»🌸

Dørene opnar kl 19.00.


Hjarteleg velkomne🌸

 

Forrige
Forrige

HAUSTEN ER HER…

Neste
Neste

SOMMAREN ER KOMEN…