MAGISKE MOLDEN MED FANTASTISK UTSIKT

MAGISKE MOLDEN🥾👟🏃‍♀️👍

Moldenkongen og Helle, gjest på Eikum Hotell, anbefalar «MAGISKE MOLDEN» til alle som verkeleg vil sjå Luster, Sogn og Vestlandet på sitt beste i sommar. Natt til torsdag var dei på soloppgangstur til denne fantastiske fjelltoppen på Hafslo, og sjekk ut dei flotte bileta frå deira nydelege naturoppleving kl. 04.00 om natta på Facebooksida vår ☀️👍

Frå Eikum Hotell er det kun 10 minuttar køyring til parkeringsplassen for Molden, det finaste utsiktspunktet i heile Luster.

Til Molden kjem du deg til fots og med sykkel om sommaren. Du må rekna med å bruka omlag 2 timar ein veg, for å nå den mest kjente utsiktstoppen langs heile Sognefjorden. Frå toppen ser du Sognefjorden i alle retningar, og du blir heilt slått ut av den fantastiske utsikta!!

Etter ei slik oppleving, passar det fint med ei forfriskning i den store hotellhagen til Eikum, eller ein god, heimelaga middag i spisesalen🍽


📸: @foto.bekk👍

Forrige
Forrige

JULEBORD I OVER 50 ÅR

Neste
Neste

SOMMAREN ER KOMEN, OG SNART ER DET FERIETID