SOMMAREN ER KOMEN, OG SNART ER DET FERIETID

DRØYMEFERIE MELLOM SOGNEFJORDEN OG SOGNEFJELLET

Me har ope, og du kan bestilla drøymeferien din her hjå oss idag! Eikum Hotell, som feira 100 års- jubileum i 2019, ligg på Hafslo, den vakraste bygda, med Hafslovatnet som største blikkfang.

Med Eikum Hotell som base, er vakre Sognefjorden kun ein liten sykkeltur vekke. Veitastrond, 30 km frå hotellet, er ein av mange attraksjonar i verdsklasse i indrefileten av Norge, og Hafslo er eit perfekt utgangspunkt for dagsturar til m.a. Sognefjellet, Jostedalsbreen, Urnes Stavkyrkje og Flåm.

Me kan tilby overnatting i eit heimekoseleg miljø, der me legg vekt på historia til Eikum Hotell. Me får mykje skryt for den tradisjonsrike maten vår, og spesialiteten vår, “Himmelpudding”, har sett spor etter seg langt nedover i Europa. Spisesalen vår er stor og romsleg, så her er det god plass til fleire grupper og mykje folk.

Den store hagen vår innbyr til avslapping med forfriskningar, eller hageaktivitetar som t.d. badminton, fotball og kubb. Frå hotellet er det gangavstand til badeplass, større kunstgrasbane og enkel klatrepark.

Me leiger også ut syklar og EL-syklar til buande gjester. Det er også høve til å nytta vaskemaskin for ein svært låg pris.

Eikum Hotell har også si eiga private badestrand, “Smeagarn”, ca 1 km frå hotellet, og Hafslovatnet er eit godt vatn for aurefiske.

Bestill din drøymeferie idag, på post@eikum.no eller tlf. 576 80 600.

Velkomen til oss på Eikum!

Forrige
Forrige

MAGISKE MOLDEN MED FANTASTISK UTSIKT

Neste
Neste

17. mai - feiring på Eikum 2022